Her stoppar ferjetrafikken i 12 timar

STOPP: Ferjene på fjorden mellom Anda og Lote. vil ha ein pause på heile 12 timar mellom onsdag ettermiddag og torsdag morgon.

STOPP: Ferjene på fjorden mellom Anda og Lote. vil ha ein pause på heile 12 timar mellom onsdag ettermiddag og torsdag morgon. Foto:

E39 Anda–Lote blir innstilt i 12 timar frå onsdag klokka 18.00.

DEL

Frå onsdag 3. juni til torsdag 4. juni skal det utførast reparasjonar på ferjekaiane på Anda og Lote på E39 i Nordfjord. Arbeidet krev at ferjekaiane blir stengde i 12 timar, og ferjene som trafikkerer sambandet Anda–Lote må innstillast. Det vert ikkje opplyst kva arbeid som skal gjerast.

Onsdag 3. juni blir siste avgang frå begge sider kl. 18:00.

Første avgangane torsdag 4. juni blir kl. 06:00 frå Lote og frå Anda kl. 06:15.

Omkøyring er på fv. 60 via Stryn.

Sjå alltid oppdaterte trafikkmeldingar på nett: www.175.no.

Artikkeltags