– Målet vårt var opphaveleg å asfaltere 20. desember, seier byggeleiar for tiltak 14 i Førdepakken, Runar Rise Hallset i Statens vegvesen.

I slutten av august 2022 vart det omkøyring i E39 Fjellvegen, i området der Circle K sto. E39 Fjellvegen er parsell 3. No går vegen mellombels via parsell 5, som er Hafstadvegen. Eigentleg skulle den nye traseen opna før jul, men slik vart det ikkje.

For kaldt for asfalt

Så møtte dei på det Hallset beskriv som klimatiske utfordringar: Nærmare bestemt tosifra kuldegrader i desember.

– Det vart ikkje ein så mild vinter i år som vi kunne ønska. Etter det eg huskar var temperaturen den dagen minus 10–12 grader. Då er det ikkje spesielt gunstig å asfaltere. Vi valte difor vi å ikkje gjere det, seier han.

Han seier dei er nøgde med trafikkflyten i området, og difor såg høve til å prioritere annleis.

– Dette er framtidig E39: Alt må vere ordentleg. Sidan trafikken flyt så godt som den gjer per no, valde vi heller å utsette dette, enn å gjere «venstrehandsarbeid», seier han.

Og dermed kjem trafikken til å følge dagens rute ei stund framover. Asfaltverket stenger nemleg på vinteren.

– Dei var greie og opna nokre dagar for oss i januar, slik at vi fekk asfaltert omleggingstraseen i den andre enden, frå Hafstad vidaregåande til rundkøyringa ved Rema 1000 på Hafstad, seier Hallset.

Han seier det er forventa at asfaltverket opnar igjen i slutten av mars/byrjinga av april.

– Planen å bruke den neste perioden til å blimeir ferdig i den delen av tiltak 14 som ligg nærmast Hafstad. Så asfalterer vi i parsell 3 i aust når asfaltverket opnar igjen.

Ingen reaksjonar så langt

Han seier dei ikkje har fått reaksjonar på utsetting frå trafikantar.

– Det ventar vi oss heller ikkje, seier Hallset.

Framdriftsplanen har også ein viss fridom mellom Førdepakken og utførande entreprenør.

– Det er sluttdatoen som er låst i høve oss og publikum.

Han seier utsettinga ikkje får konsekvensar for framdrifta.

– At vi får litt negativ framdrift i parsell 3 på E39 no, det tek vi igjen i positiv framdrift i den andre enden. Ressursbruken er den same, seier han.

– Når ventar det å opne parsell 3 for trafikk?

– Framdriftsplanen er eit levande dokument. Slik vi prioriterer no, vil vi ikkje låse oss på ein dato. Men vi tek sikte på asfaltering fram over våren.