Her opnar vegen til helga - men pass opp for «brøytekantras»

KAN RASE UT: Høge brøytekantar på Gaularfjellet.

KAN RASE UT: Høge brøytekantar på Gaularfjellet. Foto:

Men Gaularfjellsvegen kan bli stengt no og då utover våren ved skredfare.

DEL

Gaularfjellet er venta opna til helga, men det kan framleis bli stengingar utover våren på grunn av skred eller fare for skred, skriv Vestland fylke i ei pressemelding.

Det er mykje snø i fjellet, og sol og varme kan utløyse solskred frå fjellsidene. Noko som også er ei utfordring på alle fjellovergangane er dei høge brøytekantane, som kan smelte og kollapse, melder fylkeskommunen.

Langs fylkesveg 5442 mellom Bjordal og Matre er det framleis så mykje snø og rasfare, at vegen ikkje kan opne innan 1. mai.

– Fresinga av vegen er no stogga i påvente av at ein geolog skal på synfaring i området før helga. Han skal spesielt sjå på eitt parti som reknast som rasfarleg, og vi må difor komme tilbake med opningsdato, seier Mariann Kråkenes Jørgensen, leiar for drift i område sør.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken