Frå klokka 10.00 til 12.00 hadde Utrykkingspolitiet i Sunnfjord ein fartskontroll i 60-sona i Kusslia i Førde.

Dette er ei strekke der UP ofte står, og der dei som regel alltid skriv ut bøter.

Tysdag var det åtte sjåførar som køyrde for fort. Høgste fart vart målt til 72 km/t, opplyser Vest politidistrikt.