Her må sjåførane bu seg på venting

KØ: Bilane måtte fint stå og vente til trafikklysa ein liten kilometer lenger fram lyste grønt.

KØ: Bilane måtte fint stå og vente til trafikklysa ein liten kilometer lenger fram lyste grønt. Foto:

Køen står på E39. Først i oktober slepp sjåførane unna lysregulering når dei køyrer her.

DEL

Anleggsarbeidet med å bygge ny gang-og sykkelveg på Sunde utanfor Førde har pågått ei god stund, men blir ikkje ferdig med det første.

For tida er det lysregulering, noko som syner godt att på trafikken. Onsdag formiddag strekte køen seg heilt tilbake til brua ved Farsund.

– Køen blir ganske stor. De er midt på dagen i fellesferien, det er både gjennomfartstrafikk samt lokal køyring på staden, så då blir det ein del bilar, seier John Andreas Omdal i vegtrafikksentralen.

Lysreguleringa på staden vil vere der fram til byggearbeidet er ferdig i oktober, opplyser Omdal.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken