Kommunen vil opne parkeringsanlegg for å sikre nok parkeringsplassar i sentrum sør i Førde. Anlegget er planlagt i samarbeid med Førde Sør og Førdepakken, skriv Sunnfjord Kommune på sine nettsider.
Anlegget består av totalt 64 parkeringsplassar, og systemet kjem til å vere heilautomatisk. Eit kamera vil registrere inn- og utkøyringstidspunkt, og du må betale for den tida du har stått parkert.
Betaling skjer via nett, i EasyPark-appen eller via automat på plassen.
Kvardagar klokka 09:00 til 16.00 vil det vere gratis å parkere der den første timen. Den andre timen betalar ein 20 kroner. Etter dette betalar du 50 kroner for kvar time.
Sunnfjord kommune skriv at ønsket er å skape sirkulasjon, og at ingen blir ståande lenge. Parkeringa er tenkt som korttidsparkering.
Dei legg til at bakgrunnen for ordninga er ønske frå grunneigar og næringsdrivande i sentrum om å sikre nok parkeringsplassar i sentrum sør.
Kommunen er operatør for ordninga, og kan endre vilkåra dersom plassane er for mykje eller for lite brukt.

Slik går trafikken etter omlegginga

No har det kome eigne parkeringsplassar for tohjulingar her
