Gå til sidens hovedinnhold

Her kunne dei endeleg hente målprisen, eitt år på etterskot

Målprisen for 2019 vart tildelt Sparebanken Sogn og Fjordane. Den fekk dei hente først no i 2021.

Prisen for 2019 vart delt ut først no i år. Ikkje overraskande var det koronapandemien som gjorde fjorårets prisutdeling vanskeleg.

Denne laurdagen vart årsmøtet i Sogn og Fjordane mållag halde for 2020, og ein nytta då høvet til å dele ut prisen ein ikkje fekk gitt året før.

Den prisen går til Sparebanken Sogn og Fjordane. Det melder mållaget i ei pressemelding.

Prisen får banken for sin tydlege språkprofil og for at den ikkje går på akkord med den språklege kulturarven og for at den har synt at nynorsk som forretningsspråk fungerer godt, også i finansmarknaden, står det i pressemeldinga.

– Nynorsk har alltid følgt oss som bank og det har vore forretningsspråket vårt heile vegen, sa leiar for Marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes som saman med marknadssjef Gunn Aase.

Moldestad tok i mot prisen. Viken Sandnes var også klar på at banken er stolt av å vere med på å syne at nynorsken lever og blomstrar.

– Nynorsken er ein naturleg og viktig del av identiteten vår, og språket bygger opp om kven vi er. Vi set stor pris på målprisen og tek den inn som motivasjon vidare for å bruke og vidareutvikle nynorsken, sa Johanne Viken Sandnes til slutt.

Kommentarer til denne saken