Denne veka skal Vegvesenet gjere vedlikehaldsarbeid på E39 gjennom Førde. Som følge av dette kan denne vegen bli stengd i korte periodar.

Vegtrafikksentralen opplyser om at årsaka er vedlikehaldsarbeid på bomstasjonen.

Statens vegvesen melder at arbeidet vil føregå måndag og tysdag frå klokka 09.00 til klokka 06.00 dagen etter.