– Dette er startskotet for prosjektet, og vi er veldig glade for at vi no er i gang med bygginga av vegane som skal leie fram til brua, seier Helge Follevåg, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune til fylkeskommunen sine nettsider.

I august signerte Lesja Bulldozerlag AS kontrakten på første av to entreprisar i bruprosjektet Ytre Steinsund i Solund. Brua skal erstatte ferjesambandet Daløy – Haldorneset.

Ferdig i 2026

Denne veka gjekk startskotet for prosjektet, mellom 300 og 400 kubikkmeter stein gjekk av i den første salva.

– Vi gler oss til at innbyggjarane i Ytre Sula om nokre år kan køyre heilt fram til kommunesenteret sitt, utan å vere avhengige av ferje, seier Follevåg.

Bruprosjektet er delt inn i to entreprisar. Den eine er vegdelen som inneheld bygging av ein 4,8 kilometer ny tofeltsveg, riggområde og nytt kryss ved Daløy og Nåra. Det er denne delen Lesja Bulldozerlag skal utføre. Arbeidet med vegen er forventa å vere ferdig i desember 2023.

Neste del av entreprisen er sjølve brua. Den er enno ikkje lagt ut på anbod, men vil bli det i løpet av hausten 2022. Brua er venta å stå ferdig i 2026.

100 møtte på informasjonsmøte

Same dag som salva gjekk vart innbyggarane invitert til informasjonsmøte i Grendahuset i Hardbakke. Om lag 100 personar møtte opp og det var omsyn til ferjetrafikken, oppstart og framdrift dei var opptekne av.

– Vi snakka også mykje om tryggleik rundt anleggsområdet, spesielt når det går føre seg sprengingsarbeid. Vi vil ikkje at nokon skal ta unødige sjansar ved å bevege seg inn i området og utsette seg sjølv for fare, seier Follevåg.