Lammetun Ferie og Fritid ligg på fastlandets ytste punkt i Fjaler, omgjeve på tre kantar av Vilnesfjorden, Aldefjorden og Buefjorden. Herifrå har ein ei fantastisk utsikt utover havet og fjordmunningane, noko som ôg var årsak til at tyskarane bygde eit kystfort her under krigen.

Like ved kystfortet har Frode Lammetun drive campingplass i mange år.

I 2011 begynte Frode Haugen arbeidet med ein reguleringsplan for å utvide campingplassen. Etter årevis med taudraging med kommune, fylkesmann, fylkeskommune og no Statsforvaltaren er han nesten i mål, men berre nesten.

Kommunen på laget

– Då kommunestyret handsama reguleringsplanen sist gong, i oktober i fjor, stod det att tre punkt som Statsforvaltaren og Fylkeskommunen hadde motsegner mot. Fylkeskommunen, som har ansvaret for Kystfortet, ville ikkje la oss setje opp faste bubilplassar nærare enn fire meter frå grensa til kystfortet. Fylkesmannen hadde innvendingar mot ei flytebrygge, og dessutan at dei ikkje ville la oss utvide campingplassen mot sjøen.

Haugen hadde nemleg teikna inn ein oppstillingsplass for fem bubilar på eit felt mellom sjøen og campingplassen, slik den ligg i dag.

Men Fjaler kommune meinte Haugen måtte få gjennomslag, og ville ikkje gje seg på dei tre punkta. Dermed vart det halde ei mekling mellom kommunen, fylkeskommunen og Statsforvaltaren i sommar, der Frode Haugen og sambuar Sigrun Ragnarsdotter var til stades.

Gav seg på flytebrygga

– Vi gav oss med ein gong på det med bubilar nært grensa til fortet. Så der fekk fylkeskommunen det som dei ville. På punkt to, som gjaldt flytebrygga, innsåg Statsforvaltaren at den trong vi. Skal vi drive hytteutleige, må vi ha utleigebåtar, og då må vi ha ein stad å legge dei.

Men på det tredje punktet, utviding av campingplassen mot sjøen, ville ikkje Statsforvaltaren gi seg:

– Der har dei heile tida komme med nye argument. Først var det at eg privatiserte strandsona ved utvidinga, men den innvendinga har vi slått i hel ved å argumentere for at eg utvidar ikkje campingplassen for å sitje der åleine, men for at andre skal få tilgang. Seinare kom det opp at Kystfortet vart ikkje lesbart frå sjøen dersom det kom campingvogner nærare sjøen. Men så er jo poenget det, at Kystfortet skal ikkje vere synleg frå sjøen. Det vart bygd for å vere usynleg. Så, til slutt, vart argumentet at vi skjemmer strandsona sett frå sjøen, om vi parkerer fem campingvogner der.

– Då kom vi med det argument at om dei dreg ut på sjøen og tek eit bilde, så er campingplassen knapt synleg. Det du ser er ni 180 meter høge vindmøller.

Haugen syns argumentet er heilt hol i hovudet:

– Her får altså naboen på andre sida av sundet lage store fyllingar i sjøen berre for å få plass til vindmøllene, medan eg får ikkje lov til å lage til ein parkeringsplass, som faktisk ikkje er synleg frå sjøen utan at det parkerer bilar der.

– Regulert etter anna lovverk

Kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal møtte som meklar for Statsforvaltaren på synfaringa. Han har forståing for Haugen sitt synspunkt:

– Eg forstår den frustrasjonen der. Men desse vindmøllene er jo avklart gjennom ei grundig konsesjonshandsaming etter energilovverket, så det er ei litt anna type sakshandsaming. Og det er openbert at det departementet har lagt vekt på der, er samfunnsnytta av den energiforsyninga vindmøllene står for. Når det gjeld campingplassen blir det ein litt anna balanse mellom samfunnsnytte og naturinngrep. Eg forstår Haugen, men vår vurdering har vore at det ligg veldig eksponert til der han vil utvide. Når det så er allereie tatt i bruk område på innsida, og skal det utvidast, bør det skje innover og ikkje utover. Sjølv om vi forstår at det er vanskeleg på grunn av terrengtilhøva der. Men det å få den type tiltak så nært sjøen, og så eksponert, er betenkeleg både i høve strandsonevern og det med utsikt rett ut over havet.

Har god tru

Saka skal opp att i Fjaler kommunestyre 1. desember. Kommunedirektør Bente Nesse seier til Firda at det er for tidleg å seie noko om kva innstilling ho vil komme med til møtet, men Haugen har god tru:

– Eg har fått tilbakemelding frå fleire politikarar som seier at dei vil sende dette vidare til departementet. Eg må jo og få nytte høvet til å takke politikarar og administrasjon, som stod bak meg og støtta med i denne saka.