Her er vinnarane av UKM i Sunnfjord

TIL FINALEN: Marius Johansen Laukeland spelte piano, og tok seg til finalen med Claire de Lune av Claude Debussy.

TIL FINALEN: Marius Johansen Laukeland spelte piano, og tok seg til finalen med Claire de Lune av Claude Debussy. Foto:

Denne helga har det vore lokalmønstring av UKM for Sunnfjord. Her kan du sjå kven som tok seg vidare til vestlandsfinalen.

DEL

Lokalmønstring i UKM for Sunnfjord blei avvikla fredag 28. mars i Førdehuset. Deltakarane var fordelte over 11 sceneinnslag med 21 deltakarar og 38 kunstinnslag fordelt på 16 kunstnarar. Kunstutstillinga blei opna av kommunalsjef for Kultur og idrett, Hilde Bjørkum. I tillegg deltok 10 Sal og scene-elevar frå 10. trinn ved Førde ungdomsskule som unge arrangørar ved lokalmønstringa.

Det melder Sunnfjord kommune i ei pressemelding.

Fagpanelet som vurderte innslaga bestod av leiar Anja Gulbrandsen, Ingvild Maria Thingnes, Svein Inge Bjørkedal, Ragnhild Vassbotten Bjørkum, Karen Helga Maurstig og Bjørn-Are Vollstad.

Fagpanelet har bestemt at følgjande innslag skal representere Sunnfjord på UKM festivalen i Vestland, Måløy 24. – 26. april:

Kunst:

Eirin Støfringsdal med «Eg regnar med deg»

Cathrine Helen Ravnøy-Ulves med «Bortkomen?»

Kaja Fagerheim med «Hund på strand»

Victoria Maria Santistevan med «mamma og meg»

Ronja Saltskår Dvergsdal med «F-i-r-e» og S-E-L-F-P-O-R-T-R-A-I-T»

Gunvor Marie Bjørvik med «Huset som forsvann»

Vilde Nena Aarseth med «Skjærefjøl»

Arnt-Ole Midtbø Kolås med «Sjiraffen Melvin»

Malin Karoline Flåm-Aaberg med «The tree»

Scene:

Marius Johansen Laukeland, piano med Claire de Lune av Claude Debussy

Emma Kristin Ravnøy-Ulvnes og Sunniva Johannessen, piano og trompet «Where`s my love»

Anders Scheflo, song – «Trampoline»

Mira Oppedal og Sindre-Thomas Aasen Farsund, «I don't know my name» song og ukulele.

«Supergirl» Isabel Eftevand, sjonglering og dans


Konferansierar:

Mathea Steimler

Julia Twar

Emilie Hegrenes

Artikkeltags