Gå til sidens hovedinnhold

Her er reisereglane for populære mål i jula

Med nye smittebølger på veg ei rekkje stader gjeld det å halde seg oppdatert om ein vil reise til utlandet før eller i juletida.

Hele Noreg er klassifisert som risikoområde i EU/EØS-området, noko som gjer at reisande frå Noreg blir omfatta av strenge innreisereglar. Det er den reisande sitt ansvar å halde seg oppdatert og orientert om dei til kvar tid gjeldande reglane for destinasjonslandet.

Regjeringa tilbyr reiseinformasjon om alle land Noreg har diplomatiske samband med.

Spania

Kryssing av grensene inn til Spania er tillaten for norske borgarar. Landet følger EUs smittekart og oversikt over «Risk Countries/Areas».

Alle reisande må fylle ut eit elektronisk helseskjema tidlegast 48 timar før avreise. Ved framkomst på flyplassar i Spania blir det gjennomført måling av kroppstemperatur og visuell sjekk av symptom og dessutan sjekk av helseskjema.

Koronasertifikat eller -test: Alle passasjerar over tolv år må legge fram dokumentasjon på at dei anten er fullvaksinert for minst 14 dagar sidan, har ein negativ test (PCR-test kan ikkje vere eldre enn 72 timar og hurtigtest kan ikkje vere eldre enn 48 timar før framkomst) eller har gjennomgått sjukdommen siste 180 dagar (det må ha gått minst 11 dagar sidan positiv PCR-test vart avlagd).

Koronasertifikat utskrive av Noreg eller EU kan brukast som dokumentasjon på dette.

Alle over seks år må bruke munnbind innandørs og på offentleg transport. Munnbind må òg brukast utandørs dersom ein ikkje kan halde minst 1,5 meter avstand til andre. Regionane har òg ulike smitteverntiltak avhengig av situasjonen, til dømes avgrensingar på talet på personar som kan samlast, og kortare opningstider, til dømes på barar. Følg lokale styresmakters råd, rettleiing og avvisingar.

Thailand

Frå 1. november letta Thailand på innreisereglane for fullvaksinerte som kjem frå Noreg. Dei slepper no lang karantene, som uvaksinerte må koste på sjølv. Det er òg no mogleg med transitt i Thailand.

Det er likevel enno strenge kriterium som må oppfyllast før innreise. Sjekk informasjon om desse kriteria hos den thailandske ambassaden i Oslo før avreise. Nye restriksjonar kan innførast på svært kort varsel.

Sjølv om du har vore i Noreg lenger enn dei siste tre vekene før framkomst Thailand og er fullvaksinert, må du ha bestilt eit døgn på eit slusehotell den første natta. I prisen er det inkludert ein PCR-test.

Pandemien pregar framleis samfunnet med mange restriksjonar, som krav om munnbind både innan- og utandørs i enkelte regionar. Nokre regionar har framleis portforbod om natta, men mange populære destinasjonar har no droppa portforbod. Ein må ofte registrere seg på kjøpesenter og andre stader der det samlast mange menneske.

Austerrike

Landet stengde ned igjen måndag 22. november, så det er no portforbod døgnet rundt. Turistreiser til Austerrike er ikkje mogleg før etter 13. desember. Austerrikske helsestyresmakter oppdaterer fortløpande informasjon om koronasituasjonen, og informasjon om innreisereglar ligg ute på turistinformasjonen.

Det blir nok ein annleis førjul, med stengde kulturscener, aktivitetstilbod og utestader.

Også her krevst koronapass, bevis for gjennomgått infeksjon eller fersk, negativ covid-test.

Legg merke til at etter 6. desember er vaksinasjonspass berre gyldig i 270 dagar etter vaksinasjon.

Om ein ikkje dokumenterer vern ved framkomst, må ein ta ein covid-19-test første døgn. Avhengig av kva land ein har opphalde seg i før framkomst, kan ein i tillegg til dette måtte gå i karantene i opptil ti dagar. I Austerrike kan ein nektast tilgang til stader om ein ikkje kan leggje fram gyldig koronapass.

England

I England er det no berre to kategoriar land: «raud liste og resten av verda», der Noreg er raudt. Her må òg fullvaksinerte testast dei to første dagane i landet, og testen skal vere bestilt og betalt før avreise Noreg. Alle må fylle ut eit eigenmeldingsskjema med adresse for alle overnattingsstader.

Gjeldande reglar ligg på Travel to England from another country during koronavirus (covid-19).

Ein må testast sjølv om opphaldet er kortare enn 48 timar. Ved positiv test, er det rett i ti dagars karantene.

Viss du ikkje kan vaksinerast av medisinske årsaker, følger du same reglar som fullvaksinerte. Har du likevel sjølv valt å ikkje la deg vaksinere, må du både ta ein test dei tre døgna før avreise, deretter ta den obligatoriske todagarstesten ved framkomst og sjølvisolerast i ti dagar.

Det er eigne reglar for Skottland, Nord-Irland og Wales.

USA

Reglane varierer på delstatsnivå, men det finst nokre generelle hovudpunkt. Reisande med fly til USA skal både vere vaksinert og kunne leggje fram negativt koronaprøvesvar dei siste tre dagane før avreise.

Også i USA krevst det ei eigenmelding, og uvaksinerte får ikkje innreise.

Hugs at legebehandling og sjukehusopphald i USA generelt er svært dyrt. Berre akutthjelp blir behandla utan forsikringsgaranti.

Sveits

Sveits skil seg frå andre europeiske land ved at fullvaksinerte ikkje treng å teste seg. For uvaksinerte er det tilstrekkeleg å vise fram negativt testsvar ved framkomst og deretter ta ein ny test etter fire–sju dagar. Karantene er ikkje pålagd. Alle tilreisande må fylle ut eigenmeldingsskjema.

Smitteforholda har likevel vorte verre, så det er vel verd å halde auge med reglane rundt innreise og testing. Sveitsiske styresmakter informerer fortløpande på nettsida til helsestyresmaktene New koronavirus.

Det kan finnast lokale restriksjonar og påbod om munnbind og koronapass på stader som restaurantar, kino og treningssenter.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken