Gå til sidens hovedinnhold

Her er det vegarbeid denne veka

Skal du køyre på E39 frå Sogn til Sunnfjord må du rekne med å måtte vente nokre minutt.

  • E39 ved Alværa i Gaular: Forseinkingar på inntil 10 minutt grunna vedlikehaldsarbeid frå måndag til torsdag i tidsrommet 07:00 til 18:00. Gjeld frå 22. februar til 4. mars.
  • E39 i Bogstunnelen i Vadheim: Forseinkingar på inntil 15 minutt grunna vedlikehaldsarbeid. Gjeld måndag 22. februar frå 09:00 til 18:00.
  • E39 i Noreviktunnelen: Forseinkingar på inntil 15 minutt grunna vedlikehaldsarbeid. Gjeld inntil vidare.
  • Fv. 55 Kvernhaugtunnelen ved Høyanger: Kan bli stengt i periodar på inntil 15 minutt grunna vedlikehaldsarbeid. Gjeld onsdag 24. februar klokka 07:00 til 18:00.
  • Fv. 13 mellom Hella og Leikanger: Stengd grunna snøras.

Hald deg kontinuerleg oppdatert på vegvesen.no.

Kommentarer til denne saken