Bakgrunnen for stenginga er at Sunnfjord kommune skal bygge fortau lags gamle E39 til Steiavegen, og vidare til kryssingspunktet mot vegen i Hjortelia. Det skal også lagast ein gangsti frå området ved idrettsbana og opp til gamle E39.

Einingsleiar for teknisk drift i Sunnfjord, Leif Halvor Kårstad, forklarer at grunnen til at dei må stenge vegen er at dei skal legge leidningsnettet over vegen.

Gangstien får ei breidde på 3 meter langs gamle E39 og 2,75 meter langs Steiavegen. Det skal settast opp gatelysanlegg på heile strekninga.

Det skal også etablerast nytt vass- og avløpsanlegg i heile traseen for gangsti og fortau.

Det skal ha blitt sendt ut SMS-varsling til dei som bur i Steia byggefelt.