Tilrådingar for heile landet:

  • Alle må i dei kommande vekene halde seg heime i størst mogleg grad og avgrense sosial kontakt med andre menneske.
  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Viss alle gjestene er frå same husstand, kan ein vere fleire. To familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn. Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar.
  • Unge og vaksne som har vore saman med venner og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa.
  • Unngå unødvendige innanlandsreiser. Arbeidsreiser som blir vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedommar som kan gjennomførast utan kontakt med andre, er unnatekne.
  • Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisning og annan aktivitet som bidreg til auka mobilitet, mellom anna press på kollektivtrafikken.
  • Vidaregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt, dersom smitten stig ytterlegare.

Reglar for heile landet

  • Grense på inntil 20 personar på private samankomstar på offentlege stader og i leigde lokale og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete. Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete. Endringa blir sett i verk midnatt, natt til måndag 9. november.
  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkeløyve kan ikkje sleppe inn nye gjester etter kl. 22.00. Endringa blir sett i verk ved midnatt, natt til laurdag 7. november.
  • Arbeidsreisande som i dei siste 10 døgna før dei kjem til Noreg har opphalde seg i område med særleg høgt smittenivå, kan ikkje lenger nytte seg av ordninga med testing kvar tredje dag. Hovudregelen om innreisekarantene vil derfor i utgangspunktet gjelde for arbeidstakarar frå desse områda.
  • For arbeidstakarar som kan nytte seg av unntaket i § 6 c er det gjort endringar i reglane: Arbeidstakarar som har fritidskarantene, skal testast kvar tredje dag og vere innkvartert på einerom dei ti første dagane i landet. Arbeidsgivar skal leggje til rette for avstand til andre når arbeidstakaren er i fritidskarantene. Unntaket gir ikkje lenger fritak for innreisekarantene på fritida.
  • Reisande frå raude land må framvise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere teken under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje framviser ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.

– Kravet skal ikkje gjelde for nordmenn, personar som har bustad i Noreg eller personar i transitt.

– Kravet gjeld ikkje personar som jamleg kjem til Noreg frå Sverige og Finland for å jobbe.

– Kravet gjeld helsepersonell som pendlar til Noreg og som har vore meir enn sju dagar utanfor Noreg.

– Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan gjerast unntak for når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.

  • Personar som kjem til Noreg, må ha fast tilhald i landet, eller arbeids- eller oppdragsgivar må gi garanti for eigna tilhaldsstad når dei kjem til Noreg. Personar, inkludert turistar og besøkjande, som verken har eige tilhald eller arbeids- eller oppdragsgivar i Noreg må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld òg familiemedlemmer som kjem for å besøkje slekt i Noreg. Helsedirektoratet blir gitt i oppdrag å greie ut korleis desse krava kan innførast. Fram til dette er etablert, blir grensekontrollen forsterka etter eksisterande regelverk.

I tillegg kjem det fleire tiltak i regionar med mykje smitte.

(©NPK)