Gå til sidens hovedinnhold

Her blir kontakten for sikring av Kjøsnesfjorden signert

Artikkelen er over 2 år gammel

Statens vegvesen signerte kontrakt på 650 millionar med Hæhre Entrepenør AS for å bygge Kjøsnestunnelen i Jølster.

Firda skreiv i førre veke at kalkylane held for jobben med å rassikre Kjøsnesfjorden i Jølster. Av dei som hadde levert tilbod på jobben, var det Hæhre Entreprenør AS frå Vikersund i Buskerud som leverte det lægste bodet.

No melder Statens Vegvesen at kontrakten er signert. Den har ein verdi på 650 millionar kroner.

Prosjektet er ein forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen med 6,5 kilometer, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

I alt blir den nye tunnelen, som skal heite Kjøsnestunnelen, 8,6 kilometer lang.

Har oppdrag i området

Hæhre Entreprenør AS jobbar på bygginga av to tunnelar i Stryn, Blakset- og Flotunnelen. Dei har også oppgradering av Vadheimstunnelen på fv. 55. Difor er har dei gode moglegheiter til å mobilisere seg raskt kjem det fram i pressemeldinga.

– Vi er no i sluttfasen på eit stort kraftanlegg på Helgeland, så det passa veldig godt med denne jobben. Det er heller ingen ulempe for oss å samle styrkane i same område. Vi ser at det er nokre fellesfunksjonar som kan dra vekslar på kvarandre, seier prosjektsjef i Hæhre Entrepenør AS, Øystein Birkeland.

Prosjektet inkluderer også bygginga av 200 meter gang- og sykkelveg langs E39 frå krysset til Stardalen og nordover.

Stengingar frå november

Entreprenørfirmaet går no inn i ein samhandlingsfase med Statens vegvesen som kan vare i nokre veker. Etter dette vil arbeidet komme i gang relativt raskt står det i pressemeldinga.

Dei skriv også at det kan gå ut over trafikken under bygginga:

«Den første tida vil det bli tunneldrift frå tverrslaget i Pevika, der det allereie er drive tre kilometer tunnel for å skaffe stein til E39 Bjørset-Skei.»

«I november startar arbeidet med forskjæringa på Kjøsnes, og det vil då bli nokre korte stengingar i samband med sprenging. Dei lange stengingane blir først i 2020, når den nye tunnelen skal koplast på Støylsnestunnelen.»

Kommentarer til denne saken