Den siste tida har det vore lysregulering ved Skorva på fylkesveg 609. Ken Ove Holm, trafikkoperatør i Statens vegvesen, fortel at dei held på med å utbetre Skorvebrua, og skal blant anna etablere nytt rekkverket.
Arbeidet held på mellom klokka 07.00 og 18.00, på måndagar til torsdagar, og vil halde fram til 31. mars.
– Det er varsla at det kan bli opptil 15 minutt ventetid om ein må stenge vegen, elles vil det vere passering kontinuerleg med trafikkregulering, seier Holm.
Måndag og tysdag var det også arbeid i Skorvetunnelen, men det arbeidet skal vere ferdig no. Då var det opp til 20 minutt ventetid, og det blei brukt leiebil.

Les også
Slik vil nye E39 frå Hafstadflata til Fjellvegen sjå ut

Les også
Han får deg trygt til fjells: – Du lærer å sjå kor det ber hen

Les også
Éin stoppa ikkje for kontroll. Ein annan vart stoppa med desse bremsene

Les også