Her begynte det for Dag Rune – i dag er han proff dansar

Sterk: Dag Rune Sjøli briskar seg for elevane.

Sterk: Dag Rune Sjøli briskar seg for elevane. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Eg hugsar det var her på Dingemoen vi fann på namnet til den første dansegruppa vår. «Illusion» kalla vi oss, ler han, nesten litt flau.

Dag Rune Sjøli (23) frå Gaupne var, saman med Trude Amalie Leirpoll (24, og med bestefar frå Dale) instruktør då Dans Utan Grenser i helga samla 70 ungdomar frå «heile fylket» til øvingshelg i Dale. Frå Askvoll, Førde, Florø, Sogndal, Jølster, Hyllestad, Fjaler, Hornindal, Leikanger og Luster kom dei, og fylte gymsalen på Dingemoen med svette rytmar og dunkande dans. For Dag Rune vart det eit nostalgisk møte med fortida:

Dans, dans, dans

– Dans Utan Grenser var jo min eigen inngangsport til dansen. For åtte år sidan var eg med på det første kursopplegget, og då hugsar eg godt at vi hadde samloing her i Dale, fortel han.

Sidan har livet til Dag Rune dreia seg om dans, dans, dans.

–  Eg har ein bachelor frå jazzlinja ved Statens Balletthøgskule..

– Statens Balletthøgskule har altså ei jazzlinje?

– Ha ha, ja, faktisk. Og dei siste to åra har eg jobba som frilans dansar. Eg har mange forskjellige småoppdrag, men eg dansar og fast i Oslo Danseensemble, som er Norges frwemste jazzkompani. Vi hadde nett 20-års jubilumsframsyning på Den norske Opera.  

Men i alle år har dag Rune kome heim frå Oslo for å hjelpe til i Dans Utan Grenser:

Gjev tilbake

– Det er så kjekt å sjå kor kjekt ungdommane har det, å kjenne den positive energien som flyt gjennom lufta mellom dei, og så er eg veldig glad for å kunne gje litt tilbake av det eg har fått frå dans Utan grenser. Eg har jo og veldig sansen for denne måten å drive kulutrarbeid på.

Det har kulturskulerektor i Hyllestad og Fjaler, Ole Jakob Nedrebø, og:

– Prinsippet i Dans Utan Grenser er det vi kallar Ung til ung-formidling. I staden for å tilsette vaksne instruktørar som skal lære ungdommen å danse, så lærer vi dei opp, så dei kan reise tilbake til kommunane sine og lære opp andre. Dei  70 ungdommane her blir veldig fort til 700 dansarar ute i kommunane,  seier Nedrebø.

Ligg på skulen

Utdanninga går over ti helgar, med eksamenshelg i mars. Det går på omgang mellom deltakarkommunane å arrangere samlingane, og denne helga var altså 70 ungdommar mellom 12 og 16 år samla i Dale.

– Vi har leigd Dalge vgs, der det er det ei god kantine og bra kjøken, og så ligg dei på klasseromma, seier Nedrebø.

– Så der har det vore liv i natt?

– Du, når dei dansar heile dagen, så er dei bra slitne når kvelden kjem, så det er faktisk ganske roleg. Eg vil nesten seie dei har oppført seg eksemplarisk.

Berre 15 av dei 70 på øvingshelga var gutar.

– Det syns eg er litt synd, for det er skikkeleg macho dans, mykje av det her, street dance og break og hip hop.

Ein får trøyste seg med at dei har nok hatt det fint, dei femten som var der.