Hendinga skal ha skjedd ved Osen, i nærleiken av Eldrevatnet på Viken-sida, og vart meldt inn til politiet klokka 15.50 måndag ettermiddag.
– Førar av personbilen er vaken og bevisst, men skal vere hardt skadd, opplyser politiet i 16-tida, og omtalar ulukka som alvorleg.
Det er meldt om store materielle skadar på køyretøya.
– Akkurat no held ein på å frigjere førar av personbilen, sa operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt like før klokka 17.00.
– Sit vedkommande fastklemd?
– Det kan eg ikkje seie sikkert. Anten det eller at dørene ikkje har vore mogleg å opne.
Førar vart frigjord litt over klokka 17.00.
Førar av vogntoget skal vere fysisk uskadd.
Rv. 52 er stengd. Det er ukjent når vegen vil opne igjen. Kva som er årsaka til ulukka er førebels ukjent.
Klokka 18.33 seier operasjonsleiar Ommedal at føraren av personbilen er flogen til Haukeland universitetssjukehus. Helsetilstanden er ikkje kjend.
Politiet vil utover kvelden halde fram med etterforsking for å danne seg eit bilde av kva som har forårsaka ulukka.
Buss med 12 om bord køyrde i tunnelvegg
Firda skreiv først at hendinga vart meldt inn til politiet klokka 16.15. Det rette er 15.50. Dette vart endra klokka 17.01.