– Sjukehusa jobbar med å redusere planlagde behandlingar og operasjonar og dreier kapasiteten over mot pasientar som treng intensivbehandling og respiratorar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding.

I tillegg skal mellom anna sjukepleiarar som til dagleg jobbar i andre avdelingar, få auka kompetanse slik at dei kan jobbe med intensivpasientar og respiratorbehandling.

– Vi står fast på tiltaka som har som mål at helsetenesta ikkje skal bli for hardt pressa. Samtidig førebur vi helsetenesta på ein situasjon der vi ikkje lykkast med å stoppe smittespreiinga i så stor grad som vi ønsker, seier Høie.