Helseministeren: – Mest sannsynleg at stengingane blir forlenga etter 26. mars

Av

Men portforbod og avstenging av kommunar er truleg ikkje aktuelt når helsestyresmaktene neste veke fastslår kva koronatiltak som gjeld etter 26. mars.

DEL


– Det er større sannsyn for at tiltaka blir forlengde 26. mars enn at dei blir avvikla, sa helseminister Bent Høie (H) fredag.

12. mars innførte styresmaktene dei strengaste tiltaka i Noreg i fredstid, mellom anna med stenging av alle skular og barnehagar. Desse tiltaka gjeld i 14 dagar, fram til 26. mars.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet vurderer gjennom helga kva tiltak som eventuelt skal forlengast, blir letta på eller blir fjerna. Svara kjem tidleg neste veke.

– Nøyaktig kva som kan bli aktuelt, det kan eg ikkje seie. Men eg kan seie generelt at portforbod og den typen ting i Noreg, det trur eg ikkje vil vere nødvendig, sa fungerande assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet til NTB før helga.

Same effekt som portforbod

Tiltaka som allereie er innførte, gir i prinsippet den same effekten som å innføre eit portforbod, ifølgje Nakstad.

– For eit portforbod er det òg unntak, du kan gå ut og handle og gå på apoteket og så vidare. Men det kan bli snakk om andre ting. Det kan bli snakk om gradering av tiltak, seier han.

Heller ikkje Høie seier at det er aktuelt med portforbod.

– Det er ikkje slik at vi no planlegg for portforbod i Noreg. Vi ser veldig stor effekt av dei tiltaka vi har innført, når det gjeld folks sosiale kontakt og rørsle, sa Høie.

Avstand og testing

Det viktigaste er at folk held avstand og hyppig testing, understrekar Nakstad.

– Det blir heile tida eit spørsmål om kva tiltak som kan vere med på å auke sosial distansering og hinder at smitta er i kontakt med andre, seier han.

Nakstad ser heller ikkje for seg at det blir aktuelt avstenge enkeltkommunar, byar eller bydelar. Smitten per i dag er spreidd ganske jamt utover i landet.

– Sjølv om det er litt meir i Oslo og Viken enn andre stader, så er det ikkje så dramatiske forskjellar at det skulle vere aktuelt å forskjellsbehandle sånn som det er no, seier han.

Veit ikkje om tiltaka verkar

Førebels er det for tidleg å seie om tiltaka frå regjeringa har avgrensa smitten, ifølgje avdelingsdirektør Line Vold frå Folkehelseinstituttet.

Det blir nemleg ei forseinking i rapporteringa av smitta i og med at det både kan ta tid før ein får symptom, før ein blir testa og før ein får svar på prøvane.

– Dermed går det ein del dagar før vi får rapportert om smittetilfelle, seier ho.

(©NPK)

Artikkeltags