Gå til sidens hovedinnhold

Helseministeren håper alle med koronasymptom kan testast neste månad

Artikkelen er over 1 år gammel

Styresmaktene har som mål at alle med symptom på koronavirus, skal ha moglegheit til å teste seg i mai månad, seier helseminister Bent Høie (H)

Høie kom med opplysninga på den daglege pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen i Noreg.

I mars vart det innført inngripande tiltak for å slå ned smittespreiinga i Noreg, men måndag sa helseministeren at spreiinga i samfunnet no er så låg at vi forsiktig kan opne opp igjen.

– Men for at vi skal behalde kontrollen medan det skjer, må vi spore smitte endå betre og teste endå fleire, sa Høie.

– Vi er i ferd med å trappe opp testinga, og i mai er målet vårt at alle med symptom skal ha moglegheita til å teste seg. Dei gruppene som no blir prioriterte for testing, er lærarar og elevar, og dessutan tilsetje i skulefritidsordninga, sa Høie.

Talet på smitta i Noreg er 7.533 per måndag.

Les også

Ny ordning for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

Les også

I haust får du influensavaksine på apotek utan resept

Les også

Kafeane har opna igjen: – Dette har vore etterlengta

Kommentarer til denne saken