– Sjukeheimane må gjere ei vurdering av korleis risikoen blir så låg som mogleg for dei som er mest utsette og bruke ressursane slik at det er trygt for bebuarane og pasientane, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NRK.

Han meiner det er uheldig at så mange sjukeheimar ikkje får omplassert uvaksinert helsepersonell. Han legg òg til at vaksinetvang for helsepersonell ikkje er aktuelt per no.

– Vi skal ikkje sjå heilt bort frå at det kan bli ein diskusjon i tida framover. Det er svært krevjande at det er mange helsepersonell som ikkje er vaksinerte under ein pandemi, seier Guldvog.

Han har éin beskjed til helsepersonell som enno ikkje har teke koronavaksinen:

– De har sjølv eit ansvar for ikkje å utsetje dei som er pleietrengande og sårbare for smitte. Så det er ei viktig forplikting òg for helsepersonell, seier han.

I ei rekkje europeiske land har styresmaktene gjort koronavaksinen obligatorisk for helsearbeidarar. Høgre er blant dei som har teke til orde for å innføre vaksinekrav for helsepersonell her til lands.

(©NPK)