Helsedirektøren positiv til elitefotball for tomme tribunar

Helsedirektør Bjørn Guldvog er positiv til elitefotball for tomme tribunar når det skal opnast opp igjen for idrett etter tiltaka mot viruspandemien.

Helsedirektør Bjørn Guldvog er positiv til elitefotball for tomme tribunar når det skal opnast opp igjen for idrett etter tiltaka mot viruspandemien. Foto:

Av

Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner at toppkampar for tomme tribunar kan vere den første fotballen som blir tillaten når det skal opnast opp igjen for idrett.

DEL

– Kampar for tomme tribunar er ei moglegheit, naturlegvis, for ute på ein fotballbane er det berre 22 spelarar, og det går an å lage rammer rundt desse som kan vere ganske gode og trygge. Det kan ein nok ikkje gjere for breiddefotballen på same måte, sa Guldvog til NTB etter pressekonferansen på torsdag.

– Her leitar fotballforbundet og idrettsforbundet etter løysingar som gjer at vi forhåpentlegvis kan få mykje spennande idrettsaktivitetar utan at vi får eit veldig negativt overslag på smittesituasjonen.

Guldvog var onsdag i møte med representantar frå idrettsforbundet og fotballforbundet, der Folkehelseinstituttet òg var representert. Han sette pris på det han fekk høyre der, men lovar ikkje at planane som vart skisserte vil få tommelen opp med det aller første.

– Eg trur vi må nokre veker fram før vi kan få sikkerheit rundt desse løysingane, men eg er veldig glad for at det er stor grad av kreativitet og innovasjon i idretten, som gjer at det er mogleg å få ei gradvis gjenopning av aktivitetar, sa han.

Varsame steg

– Vi må nok tenkje at det skal visast fram til publikum på ein litt annan måte enn tidlegare, for vi kan ikkje umiddelbart fylle stadion. Det ville vere veldig krevjande og ville fort gjere at smitten blussar opp veldig raskt i befolkninga.

Helsedirektøren kan ikkje anslå nærare når det kan spelast toppfotball igjen. Han er oppteken av at ein først må sjå effekten av oppmjukinga som allereie er sett i verk.

– Det heng nok saman med erfaringane vi får frå kvart av stega når vi opnar opp. No er det barnehagane og skulane som har førsteprioritet, og einskilde andre verksemder får starte opp. Vi vil hauste erfaringar derfrå, og viss det viser seg at vi klarer å halde smitten på eit så lågt og tryggjande nivå så er det mykje lettare å gå inn i neste fase, sa Guldvog til NTB.

Tenker på breidda

Breiddefotballen må truleg vente noko lengre enn toppfotballen, men helsedirektøren er oppteke av den også.

– Det er viktig å gjere ein avveging mellom topp- og breiddenivå, for vi er veldig opptekne av at det skal gagne barn, unge og den breie delen av befolkninga, at vi ikkje skal gjere det på ein måte som kjem berre enkelte grupper til gode. Samtidig er det viktig å sjå til dei som har dei gode løysingane som gjer at dette kan gjerast smittevernfagleg godt, sa han.

– Det kan vere vanskelegare å handtere det smittevernfaglege for breidda og lettare å gjere det i toppidrettssamanheng. Idretten må sjølv bidra til desse prioriteringane, og så må vi frå styresmaktenes side sjå kva som er mest formålstenleg.

(©NPK)

Artikkeltags