Helsedirektøren: Ja, vi trur koronasjuke blir immune

ÅTVARAR LIKEVEL: Trass i at koronasjukdom truleg gir immunitet, åtvarar helsedirektør Bjørn Guldvog mot flokkimmunitet-strategi. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

ÅTVARAR LIKEVEL: Trass i at koronasjukdom truleg gir immunitet, åtvarar helsedirektør Bjørn Guldvog mot flokkimmunitet-strategi. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK Foto:

Av

Helsedirektør Bjørn Guldvog er no tydeleg på at dei trur covid-19-sjuke blir immune mot ny smitte. Men at det er usikkert kor lenge immuniteten varer.

DEL

– Dette har vore mykje diskutert. Det vi no trur, er at dei som har vore gjennom sjukdommen, får ein type immunitet. Det som framleis er usikkert, er kor lenge ein blir immun – om det er snakk om veker, månader eller år. Og om det speler ei stor rolle om ein har hatt ein alvorleg sjukdom eller ein lett sjukdom, seier Guldvog til NTB.

Helsedirektøren understrekar likevel at Verdshelseorganisasjonen (WHO) framleis åtvarar mot å basere seg på såkalla flokkimmunitet – altså at ein lèt mange nok i samfunnet bli immune for å stanse spreiinga.

– Det har store kostnader å la ein stor del av befolkninga bli sjuke. Då veit vi òg at det er mange som blir kritisk sjuke. Og så er det framleis usikkert om dei som har vore gjennom sjukdommen kjem til å ha langvarig immunitet og dermed kan vere heilt trygge i fortsetjinga, seier Guldvog.

Smittesertifikat

– Kva betyr immuniteten for dei som har vore sjuke. Treng dei ikkje lenger vere bekymra?

– Det er det som er så vanskeleg å vite, seier Guldvog.

Han viser til at enkelte land har tenkt på å utskrive ein type immunsertifikat til dei som har vore gjennom sjukdommen, der det blir slått fast at dei har bygd antistoff og kan røre seg fritt ute i samfunnet.

– Då kunne ein jo tenkt seg at ein kunne opne opp grensene for dei, la dei fly til andre land, og at dei kunne bevege seg inn på sjukehus der det er smitta menneske. Det ville vore flott om det var sånn. Men WHO seier at det er vi ikkje trygge på enno, seier han.

Éin prosent smitta

Folkehelseinstituttet (FHI) anslo førre veke at om lag 1 prosent av befolkninga har hatt covid-19. Dermed er det truleg relativt få her til lands som har utvikla immunitet mot sjukdommen.

Guldvog trur ikkje at immuniteten får så mykje å seie for korleis styresmaktene jobbar vidare for å avgrense smitten. Mellom anna på grunn av uvissa.

– Men det er klart at viss vi får kunnskap om at ein byggjer ein type varig immunitet, så kan dette få ein innverknad på korleis vi tenkjer.

WHO-åtvaring

Søndag gjekk WHO ut og åtvara om at menneske som har vorte friske, kan ha ein tendens til å ignorere råd om folkehelse fordi dei trur dei ikkje lenger er ein fare for seg sjølv eller andre. Organisasjonen rådde òg mot bruk av immunitetspass for folk som har fått virussjukdommen.

På generelt grunnlag støttar WHO likevel at folk blir testa for antistoff mot koronaviruset.

– Det er avgjerande for å kunne forstå omfanget av – og risikofaktorane knytt til – smitten, sa organisasjonen i helga og la til at dagens testar likevel ikkje kan fastslå om antistoff kan forhindre ein ny infeksjon.

Artikkeltags