Gå til sidens hovedinnhold

Helsedirektoratet vurderer obligatorisk testing på grensa

Helsedirektoratet vil no sjå på moglegheita for å innføre obligatorisk testing på grensa ved hjelp av dei nye hurtigtestane, seier helsedirektøren.

– Helsedirektoratet jobbar no med å lage eit robust system som i størst mogleg grad skal sørgje for at vi kan stå imot det muterte viruset dersom det òg kjem frå andre land enn Storbritannia, seier Guldvog i ei pressemelding på nettsidene til direktoratet.

Måndag vart det klart at alle direkteflygingar frå Storbritannia med omgåande verknad blir stansa fram til vesle julaftan. Det kan likevel bli forlenga. No skal altså Helsedirektoratet vurdere nødvendigheita av grensetesting.

– Vi har gjennom heile hausten bygd opp testkapasitet i kommunane og grensekommunane med tanke på kunne teste flest mogleg. Vi vil no sjå på moglegheita for å innføre obligatoriske testar på grensene med dei nye hurtigtestane, seier han.

Ved ein eventuell positiv hurtigtest må det deretter takast ein vanleg koronatest i tillegg, opplyser direktoratet.

Bakgrunnen for dei nye tiltaka er den nye koronavarianten som er oppdaga ei rekkje land, spesielt Storbritannia, som i helga hasteinnførte ei rekkje inngripande tiltak etter stor utbreiing av den nye koronavarianten.

Kommentarer til denne saken