Gå til sidens hovedinnhold

Helsedirektoratet tilrår regjeringa å starte gjenopningsplanen for Norge fredag

Regjeringa bør gå i gang med trinn éin i gjenopningsplanen for Norge frå fredag av. Det inneber mellom anna fleire besøkjande og oppheving av skjenkestopp.

Regjeringa held tysdag pressekonferanse om koronasituasjonen og har i samband med dette fått nye tilrådingar frå Helsedirektoratet og FHI.

Førre veke la regjeringa fram gjenopningsplanen sin, som består av fire steg. Trinn 1 består av lettar i tiltaka som vart innført før påske. Det vil seie å vurdere:

* Inntil 5 gjester i private heimar.

* Arrangement som berre samlar personar frå éin kommune kan gjennomførast.

* Skjenking til kl. 22, med krav om matservering.

* Avstandstilrådinga blir endra tilbake til 1 meter.

* Inntil 100 personar på arrangement innandørs, som kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester, der alle sit på faste tilviste plassar.

* Inntil 200 personar på arrangement utandørs, men 200 personar gonger 3 kohortar viss publikum sit på faste tilviste plassar

Kommentarer til denne saken