Gå til sidens hovedinnhold

Helsedirektoratet: Slik er reglane for gjester i jula

Helsedirektoratet har sendt ut ei presisering av dei nasjonale råda for julebesøk. Dersom du har gjester som overnattar, tel det som to juleselskap.

Statsminister Erna Solberg har varsla at det blir innført eit juleunntak for talet på gjester ein kan ha, viss ein vil følgje tilrådingane til regjeringa. Det gjer at du kan ha opp mot ti gjester to gonger i jula.

Men dersom gjestene dine sovnar på sofaen, eller overnattar på anna vis, tel det som to besøk. Du kan dermed ikkje ha opp mot ti gjester på julaftan som overnattar til første juledag, og så eit nytt selskap seinare i jula.

Helsedirektoratet tilrår òg at du ikkje både kan gå i store juleselskap, og halde dei sjølv. Dersom du går i eitt selskap med over ti gjester, kan du berre arrangere eitt slikt selskap sjølv.

Dersom du har under fem gjester, eller berre gjester frå same husstand, kan dei vere på besøk over fleire dagar. Det blir då tilrådd at alle gjester bør ha einerom, men at gjester frå same husstand kan sove på same rom.

Det blir òg presisert at alle gjester som ikkje er frå same husstand, må kunne halde ein meters avstand til kvarandre. Viss du kjem frå område med høg smitte, bør du halde to meter avstand til folk i risikogruppa, tilrår Helsedirektoratet.

Les også

EU: Jobben til julenissen er samfunnskritisk

Les også

Her er legen sine råd for ei smittefri førjulstid

Les også

Smittevernlegen: – Du skal ikkje ha dårleg samvit for å reise heim i jula

Kommentarer til denne saken