Gå til sidens hovedinnhold

Helsedirektoratet om ny virusvariant: Fare for at vi rykkjer tilbake til start

Den nye virusvarianten som skaper frykt i verda kan i verste fall gi høg risiko for alvorleg sjukdom hos mange personar, åtvarar Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet opplyser at det kan ta fleire veker før vi får god kunnskap om kor god vern vaksinane gir mot den nye varianten, som har fått namnet omikron.

– Helsedirektoratet erfarer at ekspertar er svært bekymra for den nye varianten. I verste fall kan vi hamne i ein situasjon der tilgjengelege vaksinar i lita grad vernar mot alvorleg sjukdom («tilbake til start»), skriv direktoratet i det faglege grunnlaget sitt til regjeringa.

Direktoratet åtvarar mot at det vil ta betydeleg tid å utvikle, produsere og distribuere vaksinar som er oppdaterte til å stå imot ein ny variant.

– Risikopotensialet i viruset, rask spreiing, moglegheit for alvorleg sjukdom og for nedsett vaksineeffekt pga. mange mutasjonar gir potensielt høg risiko for alvorleg sjukdom hos mange personar, skriv direktoratet.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken