Helsedirektoratet får krise-fullmakter

GIR FULLMAKT: Helsedirektoratet får fullmakt til å sikre helsehjelp og hindre smittespreiing, opplyser helse- og omsorgsminister Bent Høie.

GIR FULLMAKT: Helsedirektoratet får fullmakt til å sikre helsehjelp og hindre smittespreiing, opplyser helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto:

Av

Kan rekvirere huset ditt, pålegge tenesteplikt og beordre overtidsjobbing.

DEL

Helsedirektoratet får no fullmakt til tiltak dei meiner er nødvendige for å sikre helsehjelp og hinder smittespreiing.

Det er fullmaktene i helseberedskapslova som no trer i kraft, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet.

Helsedirektoratet kan no påleggje tenesteplikt eller gi personell ordre om å jobbe overtid. Direktoratet kan òg rekvirere bustader, hotell og andre bygg for å isolere smitta, om dei meiner det er nødvendig.

Fullmaktene kan nyttast når det er stort sannsyn for ei ekstraordinær krise, og konsekvensane for liv og helse kan bli alvorlege.

Både sjukehus og kommunar har moglegheit til å påleggje helsepersonell overtid og gjere endringar i drifta viss det er nødvendig.

– Fullmaktene skal ikkje brukast med mindre det er strengt nødvendig. Det er framleis sjukehusa og kommunane som har ansvar for helsehjelp til folket, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Høie seier at situasjonen ikkje er ekstraordinær no.

– Vi er ikkje i ein slik situasjon no, men vi ønskjer å vere på den sikre sida viss situasjonen skulle oppstå. Derfor gir vi no direktoratet utvida fullmakter, seier han.

(©NPK)

Artikkeltags