Helsedirektoratet: Eit halvt års karantenefritak om du har vore smitta

Av
DEL

Personar som har vore koronasmitta, får karantenefritak i seks månader, opplyser Helsedirektoratet.

Torsdag vart det kjent at regjeringa reduserte karantenetida frå 14 til 10 dagar.

– Det er ikkje gitt nokon overgangsreglar for dette. Det betyr at dei som gjekk i karantene før torsdag, også må rette seg etter den nye karantenetida, sa Johan Torgersen frå Helsedirektoratet på den daglege pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen i Noreg.

Der kom det òg fram at det blir gitt fritak for karantene i seks månader for dei som kan bevise at dei har vore covid-19-sjuke.

– Det betyr i praksis at du må gå til fastlegen din, eller den som påviste at du var koronasmitta, og få ei stadfesting på at du har hatt sjukdommen, sa Torgersen.

Unntaket gjeld både karantene for nærkontakt og karantene etter at du har vore i utlandet.

(©NPK)

Artikkeltags