Helsedirektoratet: – Ein tredjedel av folk i Norge er i risikogruppa

Torsdag var det ny pressekonferanse frå regjeringa. Her vart det blant anna meldt at kvar tredje person kan utvikle alvorleg sjukdom grunna koronaviruset, og at vi må førebu oss på eitt og eit halvt år med tiltak.

DEL

Under pressekonferansen opplyste fungerande assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad at ein tredjedel av den norske befolkninga er i risikogruppa for å utvikle alvorleg sjukdom som følge av koronaviruset. Det er om lag 1,6 millionar menneske.

Under pressekonferansen torsdag ettermiddag kom helse- og omsorgsminister Bent Høie med råd om kva folk i risikogrupper og deira nærmaste kan gjere for å unngå smitte.

– Dei som er i risikogruppa er eldre over 65 år, og særleg dei som er over 80 år gamle. Vidare er det menneske med hjarte- og karsjukdomar, høgt blodtrykk, kols, nedsett immunforsvar, kreft og diabetes, sa Høie.

Han nemnde til slutt at også personar som røykar eller er overvektige er å rekne som ein del av risikogruppa.

– Ikkje gå i isolasjon

Trass i at desse menneska er i ein svært sårbar posisjon, vil ikkje Høie pålegge folk å gå i isolasjon. Han kjem heller med råd om å vere ekstra nøye med å ikkje ha besøk, halde seg mest mogleg heime og vere nøye med handhygiene.

– Om du er i risikogruppa, bør du be folk varsle før dei kjem på besøk. Om du kjenner nokon i risikosona, må du gjerne handle for dei, men det kan vere ein idé å setje varene utanfor døra, sa helse- og omsorgsministeren.

Må kanskje leve med tiltak i eitt og eit halvt år

Avdelingsdirektør for smittevern og beredskap, Line Vold, sa under pressekonferansen at vi må førebu oss på at tiltak for smittevern kan bli så langvarige som 18 månader, altså eitt og eit halvt år.

Årsaka er at først då kan vi få ei vaksine mot viruset.

Vold seier vidare at dei ikkje ser det som sannsynleg at tiltaka vil vere like strenge heile denne tida.

Artikkeltags