Gå til sidens hovedinnhold

Vil flytte alle fødslar til Førde

Artikkelen er over 10 år gammel

Sjukehusa i Nordfjord og Lærdal mister fødetilbodet.

Styret i Helse Førde har i dag samrøystes vedteke at alle fødslar i fylket skal skje ved Førde sentralsjukehus.

Styret vedtok ein modell med kvinneklinikk i Førde, nedlegging av fødeavdeling på Nordfjordeid og nedlegging av forsterka fødestove i Lærdal.

Vedtaket til styret i Helse Førde går som innspel til ein regional plan for heile Vestlandet. Saka skal opp i styret i Helse Vest og deretter behandlast av Helsedepartementet.

Ein av tre modellar
Dette er ein av tre modellar som har vorte vurdert av ei styringsgruppe leia av direktør Tore Dvergsdal ved kirurgisk klinikk i Helse Førde.

Ei fagekspertgruppe leia av avdelingssjef Kjellaug Fredly ved kvinneklinikken i Helse Førde har gitt råd til styringsgruppa.

Dei to andre modellane som har vore vurderte er:

Kvinneklinikk i Førde, jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid, og nedlegging av forsterka fødestove i Lærdal.

Kvinneklinikk i Førde, jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid, og jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

Ikkje vilje og ønskje
Styringsgruppa konkluderte med at dei ikkje kunne tilrå jordmorstyrt fødestove i Lærdal og på Nordfjordeid.

Grunngjevinga er at ei jordmorstyrt fødestove er avhengig av vilje og ønske om å oppretthalde eit lokalt tilbod, og i vurdeingane til styringsgruppa fann dei ikkje ønske om jordmorstyrt fødestove verken hos jordmødrer eller dei lokale fastlegane.

Styrevedtaket basert på tilrådinga frå styringsgruppa inneber at Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus får eining for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar.

Ei slik eining inneber:

  • Vaktordning med jordmødrer på sjukehusa heile døgeret for å sikre følgjeteneste.
  • Tilbod til kvinner med lang reiseveg om å ligge på Lærdal eller Nordfjord sjukehus i den tida dei ventar på at fødselen skal starte opp
  • Tilbod om å ha barselopphaldet på Lærdal eller Nordfjord sjukehus slik at dei får vere nærare heimen.
  • Naudsynte blodprøvar og høyrselstest skal kunne takast på sjukhusa i Lærdal og Nordfjordeid.
  • Barnelegeundersøkingar skal kunne takast i vare av allereie eksisterande ambuleringsordningar
  • Ambulerande gynekologar frå Førde sentralsjukehus må gi tilbod om fødepoliklinikk og gynekologisk poliklinikk
  • Ambulerande gynekologar frå Førde sentralsjukehus må gi tilbod om oppfølging av risikogravide, som i dag berre har dette tilbodet ved Førde sentralsjukehus
  • Jordmødrene må ta vakter ved fødeavdelinga i Førde, for å sikre kontinuerlig trening i fødslar.
  • Ved Lærdal og Nordfjord sjukehus skal det vere ”nødfødestove” slik at jordmor kan forløyse den fødande der ved raske fødselsforløp
  • Eininga skal kunne tilby sal av jordmortenester til kommunane, enten på sjukehuset, eller ved ambulering ut i kommunane