Vedtok nedlegging i Florø

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Styret i Helse Førde har samrøystes vedteke å støtte seg til framlegget om avvikling av sengeposten i Florø. Det er ikkje sett noko konkret dato for avviklinga.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Ein tydeleg bitter Florø-ordførar, Bente Frøyen Steindal lovar at siste ord ikkje er sagt om nærsjukehuset i Florø.

Har fått garantiar frå Helseministeren

– Eg har fått beskjed frå øvste politiske hald i Helsedepartementet at ei nedlegging i Florø ikkje vil bli godtatt. Eg vil no møte helseminister Sylvi Brustad for å diskutere saka, seier Steindal til firda.no.

Ho reagerer sterkt på både framlegget om nedlegging, og på måten det vart gjort kjent for dei tilsette i Florø. Og ber no styreleiaren i Helse Førde om å gå.

– Dei vart gjort kjende med dette gjennom media. Styreleiar Clara Øberg bør trekkje seg, rasar ordføraren.

– Uaktuelt å trekkje meg

Øberg seier til firda.no at ho slett ikkje har tenkt å trekkje seg.

– Mi kommandolinje går til Helse Vest. Det tillegg ikkje meg å ha kontakten med departementet. Styret i Helse Førde påla meg å spørje eigaren, som er Helse Vest, om å få oppløyst bindingane på Florø. Eg tok dette så opp med leiinga i Helse Vest, som gav klarsignal. Eg har derfor ingen planar om å gå, seier Clara Øberg.

Bryne stadfesta støtte

Helse Vests Helge Bryne seier i møtet at han stiller seg fullt og heilt bak framlegget om nedlegging i Florø, og opplyste at dette har blitt klarert med adm.dir Herlof Nilssen.

Men nedlegginga er ikkje behandla av Helse Vests styre, og er ifølgje Bryne ikkje teke opp med Helse- og omsorgsdepartementet.

Helge Bryne seier i styremøtet at det kan vere godt håp om at kuttpresset på Helse Førde neste år kan bli mindre enn 100 millionar kroner, ikkje minst viss det no blir gjort godt arbeid siste månandene i år. Bryne viser til at det er påplussingar i statsbudsjettet, og seier at skjønsposten i tildelinga til Helse Førde kan bli endra.

Les også:

Klare krav frå Helse Vest

Helse Vests representant, Helge Bryne, sa tidlegare i styremøtet at han innser at det er begrensa kva som kan hentast inn av underskotet i det som står att av 2007.

Men han ventar at det blir maks jobbing for å få effekt på kort sikt, samstundes som ein køyrer på for å få langsiktig omstilling, og auke produksjonen som gir inntening.

150 årsverk

Administrerande direktør Jon Bolstad har orientert styret om at han meiner dei 100 millionane som manglar kan sparast inn gjennom å ta bort 150 årsverk over ein treårsperiode.

Vidare la Bolstad fram planar for 30 prosent reduksjon av overtidsbruken, sal av eigedom og at ny aktivitet må løysast innan den eksisterande bygningsmassen. Med andre ord: bremse nybygging.

- Får for lite pengar

Fleire styremedlemer, som Jorunn Ringstad, Knut Cotta Schönberg og Rune Larsen, seier no rett ut at Helse Førde får tildelt for lite midlar i forhold til dei pålagde oppgåvene.

- No er det på tide at styret set dette ned på papiret, seier Ringstad.

Klarsignal til pasienthotell

Styret er fredag også gitt det endelege klarsignalet for pasienthotellet ved sentralsjukehuset.

Styremedlemene trur vinsten av hotellet kan bli endå større enn dei har rekna med.

Kjell Opseth seier det no må gjerast alt ein kan for å få pasienthotellet opp å gå så snart det i det heile er mogleg.

Les også:

Mange hadde mobilisert i forkant av føremiddagens styremøte i Helse Førde, etter at firda.no og NRK i natt og morgontimane kunne melde at Nærsjukehuset i Florø etter truleg blir vedteke nedlagt frå nyttår.

Ei spent stemning og stort oppmøte frå media understreka alvoret før møtet tok til.

Spent stemning

Ein delegasjon frå Nordfjord møtte styret og leiinga i Helse Førde før møtet. Delegasjonen sit no som tilhøyrarar.

Til stades er også Flora-politikar Gunn Jansen og Førde-ordførar Nils Gjerland (Sp).

Møterommet i administrasjonslokala til sentralsjukehuset har blitt utvida for å gi plass til alle ved å ta bort skiljeveggen til personalkantina.

Nokre av tilhøyrarane sit inne i kantinedelen. Spent stemning, stort oppmøte av media.

Tre avgjerande punkt

På fredagens styremøte i Helse Førde HF legg styreleiar Clara Øberg fram eit trepunkts framlegg. Øberg seier til firda.no at ho har drøfta framlegget med eigar, og at framlegget ikkje vert lagt fram mot Helse Vest sin vilje.

Vedtaket kjem til å innebere at alle funksjonar og tenester ved Førde sentralsjukehus blir freda, medan det vert opna for å legge ned sengeposten i Florø:

Det første punktet er at Helse Førde skal auke tempoet i omstillingane, for å betre økonomien mest mogleg på den måten. Deretter kjem punktet om at ingen funksjonar eller pasienttilbod i Førde skal fjernast.

Det tredje punktet er eit krav til administrasjonen om å førebu ei eiga sak om avvikling av sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø innan 1. januar 2008. Saka skal handsamast på det påfølgjande styremøtet i Helse Førde.

Artikkeltags