– Umogleg å kutte 100 mill. ved FSS

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Det er fullstendig urealistisk at Sentralsjukehuset skal kunne ta brorparten av Helse Førdes nye innsparingar, utan at det vil gå ut over tilbod og tenester.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Dette er reaksjonen frå fleire Sunnfjord-ordførarar, etter dei siste sparesignala frå helseføretaka.

– Det verkar som ein no er i ferd med å forlate den tenkinga at det skal vere eit fullverdig sentralsjukehustilbod i Sogn og Fjordane. Ein annan ting er at det no ser ut som om Helse Vest også overtek lokalstyringa for sjukehusa her i fylket, seier Førde-ordførar Nils Gjerland (Sp).

«Må manne seg opp»

Askvoll-ordførar Arve Helle (Ap) meiner styret i Helse Førde no må manne seg opp og seie frå om det uhaldbare i å bli pålagt økonomiske rammer og aktivitetskrav som ikkje går i hop, samstundes som sjukehusstrukturen er freda mot endringar.

– Dei burde sagt frå då årsbudsjettet vart laga i januar, i staden for å stille seg bak eit opplegg mange i styret openbert ikkje trudde på, men som styret no sit klistra til. Slik det no er, styrer dei rett utfor stupet, seier ordføraren.

Slik han ser det, må staten oppheve fredingane som er lagt over fødetenestene ved lokalsjukehusa og over Nærsjukehuset i Florø.

– Det går ikkje å klatte og spare. På eitt eller anna tidspunkt må det skjerast igjennom. Viser det seg at Sentralsjukehuset blir svekt, går vi på barrikadane, slik dei andre stader har gjort det for lokalsjukehusa, seier Helle.

Vil vite konsekvensane

Også Gaular-ordførar Jenny Følling (Sp) varslar kamp.

– No må vi krevje å få klargjort konsekvensane av dei kutta og omstillingane det allereie er lagt opp til, og det som har blitt varsla neste år.

Gaular-ordføraren finn det usannsynleg at Sentralsjukehuset skal kunne ta brorparten av innsparingar i 100-millionarsklassen, utan at nokon skal merke det.

– Vi skal ha eit kvalitetstilbod ved Førde sentralsjukehus. Vi godtek ikkje at helsetenester blir flagga ut, seier Jenny Følling.

Artikkeltags