Trur ikkje Florø-nedlegging er godkjent med departementet

Kommunelege Jan Helge Dale i Flora er kritisk til at styreleiaren i Helse Førde varslar nedleggingsvedtak gjennom media utan å informere dei tilsette først.

Kommunelege Jan Helge Dale i Flora er kritisk til at styreleiaren i Helse Førde varslar nedleggingsvedtak gjennom media utan å informere dei tilsette først. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Kommunelege Jan Helge Dale i Flora nektar å tru at Helse Førde-styret har avklart Florø-nedlegging med Helsedepartementet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Eg trur ikkje dette kan vere sant.

Det er kommunelege og nærsjukehus-forkjempar Jan Helge Dale sin umiddelbare reaksjon på styret i Helse Førde sitt varsla vedtak om å leggje ned sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø.

Les også:

Han fortel at ordførar Bente Frøyen Steindal tok kontakt med Helsedepartementet i dag tidleg. Ifølgje Dale var det ingen der som hadde høyrt noko om at fredinga av sjukehuset i Flora er oppheva.

– Dersom departementet også skal ha godkjent sal av byningsmassen, så er det sensasjonelt, seier Dale.

Nærsjukehus-forkjemparen i Florø er sterkt kritisk til at styreleiar Clara Øberg i Helse Førde varsla dagens vedtak gjennom media utan å informere dei tilsette i Flora i førekant.

– Det er svært kritikkverdig. Utsiktene for det framtidige samarbeidet i Helse Førde er ikkje gode med den manglande kompetansen som vert lagt for dagen frå styret, seier Dale.

Han trekkjer også fram at Helse Førde i august fekk svar frå Flora på spørsmål om den vidare utviklinga av Nærsjukehuset i Flora. Dale kritiserer leiinga og styret i helseføretaket for ikkje å ha gitt noko tilbakemelding på desse svara.

Artikkeltags