Gå til sidens hovedinnhold

- Treng ikkje akuttberedskap

Artikkelen er over 11 år gammel

- Titals millionar kroner blir brukt feil ved lokalsjukehusa i Lærdal og Eid.

Tidlegare styreleiar i Helse Førde, Per Ytrehus, meiner det ikkje trengst akuttberedskap ved lokalsjukehusa i Lærdal og Eid.

- Titals millionar kroner blir brukt feil på grunn av ein forelda sjukehusstruktur, seier Ytrehus til Firda.

Kva synest du om det Ytrehus hevdar her? Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

Han fekk i 2002 greidd ut kva ein faktisk fekk att for akuttberedskapen ved lokalsjukehusa.

- Det viste seg å vere praktisk tala null. Beredskapen kosta den gongen 50 millionar kroner. Men meir enn 95 prosent av pasientane som kom inn til lokalsjukehusa utanom ordinær arbeidstid vart liggjande til neste dag, og behandla i ordinær arbeidstid. Dei knapt fem prosentane der det handla om alvorlege hastetilfelle, gjekk rett til Førde sentralsjukehus eller til Haukeland, seier Ytrehus.

Han meiner den reelle akuttenesta er ambulansane, og oppleve opphausinga av behovet for akuttberedskap som ein skremslepropaganda utan rot i røyndommen.