Gå til sidens hovedinnhold

Tenåringsjente med innbilt fedme?

Artikkelen er over 9 år gammel

78 prosent av desse blir overvektige som vaksne.

Tenåringar med normal vekt som kjenner seg tjukke, har auka risiko for å bli overvektig i vaksen alder. Dette meiner forskarar ved NTNU som har følgt ei gruppe på over tusen personar sidan 1990-talet, skriv Aftenposten.

Høgare risiko

Undersøkinga viser at dei som hadde normal vekt, men likevel kjende seg tjukke som tenåringar, hadde avgjerande høgare risiko for å bli overvektige som vaksne.

78 prosent overvektige

Blant normalvektige tenåringsjenter som ikkje kjende seg feite, blei 50 prosent overvektige som vaksne. I gruppa som hadde normal vekt, men som kjende seg tjukke, blei heile 78 prosent overvektige i vaksen alder.

Ikkje berre jenter

Også blant gutar og menn vart denne samanhengen påvist. Førsteamanuensis i helsepsykologi Ingela Lundin Kvalem ved Universitetet i Oslo er ikkje overraska over den nye studien frå Trondheim.

Skuldar slankekurane

Ho peiker på at slankekurar i seg sjølv er ein risikofaktor som aukar sannsynet for overvekt seinare.

– Ein slankar seg, og så går ein ned i vekt. Nokre få klarer å halde eg nede, men dei fleste går opp i vekt att, og då oftare til ei høgare vekt enn ein opphavleg hadde, forklarer Kvalem.