Får pasientar og pårørande det dei treng?

Det offentlege har ansvar for at løfte om satsing på meir openheit og kunnskap om psykisk helse må syne att gjennom konkrete tiltak i nærmiljøet, skriv Gytri.

Det offentlege har ansvar for at løfte om satsing på meir openheit og kunnskap om psykisk helse må syne att gjennom konkrete tiltak i nærmiljøet, skriv Gytri. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDenne veka arrangerer LPP eit ope møte i Førde. Vi har invitert Tore Eide, leiar psykiatritenesta i Førde og Christoffer Fink, medisinsk fagleg ansvarleg psykiater ved psykiatrisk klinikk. Tema er tenestetilboda innan psykisk helsevern i kommunane og helseføretaket.

Gjennom korte innlegg vil det bli sett fokus på aktuelle problemstillingar og vi ønskjer å få til ein open og god dialog om generelle saker. Aktuelle tema er brukar/pårørandemedverknad, samarbeid, behandling i kommune og helseføretak, læring og meistringskurs osv.

LPP har gjennom mange år erfart at det ikkje finst arenaer i fylket der brukarar, pårørande og fagfolk kan møtast for felles undervisning og dialog. I andre deler av landet er det vanleg at helseføretak i samarbeid med t.d. brukarorganisasjonar arrangerer kurs og undervisingskveldar for publikum – brukarar, pårørande, tilsette og andre.

Slike samlingar kan i tillegg til formidling av kunnskap også vere ein arena for utveksling av erfaring og sosialt samvær.

LPP arrangerte mange opne møte dei første åra etter at vi etablerte fylkesorganisasjon i Sogn og Fjordane. Når Opptrappingsplanen for psykisk helse gjekk mot slutten og det vart reduksjon i ressursar og redusert fokus på openheit, så vart det vanskeleg for LPP å halde fram med desse arrangementa.

I mange området i landet var det på dette tidspunktet etablerte fagmiljø der brukarmedverknad og formaliserte samarbeidsordningar med brukarorganisasjonar var sjølvsagt. Dette var ikkje tilfelle i Sogn og Fjordane.

LPP har som målsetting å arbeide for meir kunnskap og openheit om psykiske lidingar. Dette er også ei nasjonal målsetting. Helseføretaka er gjennom lovverket pålagt å gi opplæring til pasientar og pårørande. Kommunane har ansvar for m.a. folkehelsearbeid. Informasjon og opplæring til sårbare grupper bør vere eit godt tiltak.

LPP er ein frivillige organisasjon og har lite midlar til å lønne fagfolk for å halde foredrag. Vi er difor avhengig av velvilje frå helseføretak, kommunar og private for å få til slike arrangement. Nokre tilsette har tidlegare stilt opp for oss gratis på si fritid. Vi er takksame for det.

Vi meiner likevel at det offentlege har ansvar for at løfte om satsing på meir openheit og kunnskap om psykisk helse må syne att gjennom konkrete tiltak i nærmiljøet.

LPP Sogn og Fjordane får i år 25.000 kroner frå Helse Vest til drift av laget. Vi brukar noko av midlane til å arrangere eit ope møte der Førde kommune og psykiatrisk klinikk stiller opp med føredragshaldarar.

Brukarar, pårørande, tilsette og andre interesserte er invitert til å delta på møtet. Vi ønskjer å få til ein god dialog om viktige tema. Kanskje kan dette vere eit utgangspunkt for eit vidare samarbeid for meir kunnskap og openheit?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags