Gå til sidens hovedinnhold

Song salme for ministeren

Artikkelen er over 11 år gammel

Born i Nordfjord song aksjonistsalme for helseministeren.

Sjukehusaksjonistane i Nordfjord tok torsdag avskil med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen med ein aksjonistsalme til tonane frå "Eit barn er fødd i Betlehem".

Framføringa av songen var det ei gruppe med born som stod for, og teksten dei framførte var:

"Eit barn er fødd på Nordfjordeid, på Nordfjordeid. Og fødselen skjedde i ein fei. La føden stå, la føden stå."

Gjentok bodskapen
Den musikalske avskjedshelsinga kom etter at ministeren hadde fått omvising på den somatiske delen og psykiatrisenteret ved Nordfjord sjukehus.

Under besøket på Nordfjordeid gjentok statsråden den same bodskapen som ho kom med i Lærdal:

- Lokalsjukehusa skal bestå, men funksjonane sjukehusa mellom kan bli endra.

Tok seg tid
Rundt 100 aksjonistar hadde møtt fram under ministerbesøket på Nordfjordeid, og også dei gav uttrykk for at dei meiner at ei nedbygging av lokalsjukehusa vil bidra til ei avfolking av Sogn og Fjordane.

Tidsprogrammet for omvisinga var stram, men helseministeren tok seg likevel forholdsvis god tid til å prate med aksjonistar og tilsette på avdelingane ved Nordfjord sjukehus.