Presenterte skrekktala for sjukehusaksjonistane

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Torsdag ettermiddag presenterte Helse Førde-leiinga dei økonomiske skrekktala for sjukehusaksjonistar frå Sogn og Sunnfjord.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Det var første gong Helse Førde-toppane inviterte aksjonistane til eit formelt møte på denne måten.

Nordfjord møtte ikkje

Frå Støttegruppa for sentralsjukehuset møtte seks kvinner med Vera Larsen og Ingrid Astor i spissen. Frå Indre Sogn og Forsvar Lærdal sjukehus kom leiar Bente Øien Hauge saman med fire andre aksjonistar.

Aksjonsgruppa frå Nordfjord møtte ikkje

På første del av samlinga orienterte styreleiar Clara Øberg, klinikkdirektør Terje Olav Øen og økonomidirektør Ørjan Sandvik.

100 mill. minus i 2008

Sandvik fortalde at sjukehuset ser ut til å få eit underskot på 133 millionar kroner i år, og det er 87 millionar meir enn eigaren, Helse Vest, har tillate.

Ei innsparing på 30 årsverk i 2007 er langt frå nok. Nye, varsla kostnader neste år gjer at forventa underbalanse i 2008 vil komme på 100 millionar.

– Vi har ein struktur som ikkje er finansiert, sa Sandvik.

Astor gjekk hardt ut

Talskvinne for Støttegruppa for sentralsjukehuset, Ingrid Astor, gjekk i møtet til frontalangrep mot finansieringsmodellen.

– Det finst ingen andre bedrifter som kan drive slik. Nokon må gripe fatt i det, sa Astor.

Ho understreka overfor firda.no at ansvaret er hos stortingspolitikarane, uavhengig av parti.

Les meir om økonomien i Helse Førde i Firda fredag.

Artikkeltags