Snart må alle kommunar ha eigen psykolog - men halvparten står utan

Fleire kommunar i Vestland slit med å fylle opp stillingane.

DEL

Nye reglar seier at frå og med nyttår må alle kommunar ha psykolog som ein del av helse- og omsorgstilbodet sitt. Men berre få månader unna det nye kravet, står halvparten av dei psykolog. Det syner ei kartlegging som Bergens Tidende har gjort.

Situasjonen for kommunane i Firda sitt dekningsområde, ser slik ut:

Gulen, Askvoll, Fjaler: Er blant kommunane der psykologen har slutta, eller at dei ikkje får tak i kvalifiserte søkjarar.

Hyllestad: Prøver å etablere eit interkommunalt samarbeid.

Gloppen: Deler psykolog med fire andre kommunar. Til samanlikning viser Bergens Tidende til at Solund har tilsett ein psykolog i full stilling.

Høyanger: Er med i fellesskap med ei rekkje andre kommunar i Sogn med totalt ni psykologar.

Jølster, Naustdal: Manglar psykolog i dag, men får det etter kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

Artikkeltags