Ny dansk studie avlivar vaksinemyte om autisme

PÅSTANDAR: Påstanden om at MMR-vaksinen aukar risikoen til barn for autisme har sirkulert over 20 år. Dei siste åra har han fått fornya styrke gjennom konspirasjonsvideoar og -artiklar på nettet.

PÅSTANDAR: Påstanden om at MMR-vaksinen aukar risikoen til barn for autisme har sirkulert over 20 år. Dei siste åra har han fått fornya styrke gjennom konspirasjonsvideoar og -artiklar på nettet. Foto:

Av
DEL

Ein seigliva påstand om koplinga mellom trippelvaksinen MMR og autisme har endå ein gong vorte motbevist, denne gongen av danske forskarar.

Det er forskarar i Statens Serum Institut (SSI) i Danmark som har undersøkt påstandane.

– Studien vår er vesentleg større enn tidlegare, og vi har hatt fleire månader å analysere på. Vi har komme fram til at det ikkje er nokon samanheng mellom MMR-vaksinen og autisme, seier seniorforskar ved SSI Anders Hviid, som står bak undersøkinga saman med professor Mads Melbye.

Påstanden om at MMR-vaksinen aukar risikoen til barn for autisme har sirkulert over 20 år. Dei siste åra har han fått fornya styrke gjennom konspirasjonsvideoar og -artiklar på nettet. Forskarane avviser samanhengen blankt.

– Autisme fanst like hyppig blant dei barna som vart MMR-vaksinert og dei til saman 31.619 barna som ikkje vart det. Derfor må vi konkludere med at MMR-vaksinen ikkje gir auka risiko for å utvikle autisme seier Hviid.

Studien tar for seg 657.461 barn fødde mellom 1999 og 2010 som vart følgt frå dei var eitt år gamle til august 2013.

(©NPK)

Artikkeltags