Gå til sidens hovedinnhold

Mowatt og Felde i Helse Førde-styret

Artikkelen er over 13 år gammel

Harry Mowatt (Ap) og Anni Felde (Sp) blir nye medlemer i det nye styret for Helse Førde.

Etter det firda.no kjenner til, er begge dei to politiske tungvektarane å finne i styret som Helse Vest peikar ut kl. 13 i dag.

Dermed blir dei tyngste styrepostane no fylt opp med garva personar frå regjeringspartia Ap og Sp.

Lang røynsle

Anni Felde, som i fleire år var fylkeskommunens fremste helsepolitikar og seinare sat i styret for Helse Vest, er henta inn utan å vere føreslegen av noko kommune. Felde har tidlegare stått midt oppe i sjukehusstridane i fylket. T.d. leia ho det fylkeskommunale helse- og sosialutvalet då sjukehuset i Florø vart bygd ned og fødeavdelinga der avvikla i 1995.

Mowatts kandidatur vart først offentleg kjent etter at helseminister Sylvia Brustad (Ap) hadde avklara uvissa rundt sjukehussengene i Florø 15. februar. Den tidlegare Hyllestad-ordføraren blir rekna som ein av Aps sterke menn i fylket, og er både respektert og frykta som politisk strateg. Mowatt framstår som ein av dei mest markante medlemene av Aps fylkestingsgruppe.

Øberg held fram

Clara Øberg (Sogndal) held fram som styreleiar, Jorunn Ringstad (Askvoll) blir nestleiar, Harry Mowatt (Hyllestad) og Anni Felde (Gloppen) blir nye styremedlemer.

Knut Cotta Schönberg (Luster), Reidun Halland (Gulen) og Helge Bryne (Helse Vest) held fram som styremedlemer.

Ingen av kommunane der dei somatiske sjukehusa ligg, får no folk i føretaksstyret. Siv Langøen Rotevatn (V) frå Eid blir ikkje med i det nye styret. Kjell Opseth (Ap) (Førde) trekte seg frå styret i byrjinga av månaden, etter først å ha sagt seg villig til å ta ein ny periode.