Gå til sidens hovedinnhold

Meiner Gjerland-aksjon øydelegg samhaldet

Artikkelen er over 13 år gammel

Førde-ordførar Nils Gjerland sitt ordføraropprop til støtte for Helse Førde er skuffande og trist, meiner Flora-ordføraren.

– Eg er skuffa over innstillinga dei har. Dei snakkar fint om samarbeid, men ser ikkje vidare enn kva dei sjølve har rundt seg, seier Bente Frøyen Steindal etter å ha lese om Gjerland sitt ordføraropprop i avisa Firda tysdag.

13 ordførarar har skrive under

Nils Gjerland (Sp) i Førde har teke initiativ til eit brev stila til helseminister Sylvia Brustad (Ap) der det blir uttrykt støtte til Helse Førde-leiinga sitt arbeid og dei planlagde innsparingane ved helseføretaket. Innsparingane inneber nedlegging av sengeposten ved nærsjukehuset i Florø.

Brevet frå Gjerland vart sendt ut til alle fylkets 26 ordførarar med oppmoding om å signere. 13 av ordførarane har følgt oppmodinga, inkludert Sogndal og Luster i Indre Sogn og Gloppen i Nordfjord.

– Nedbrytande

– Eg er overraska over at Luster og Sogndal er med på dette. Eg tykkjer brevet er uheldig. Vi bryt ned kvarandre. Denne motarbeidinga synest eg er dum, seier Flora-ordførar Steindal til firda.no.

Ho har ikkje tenkt på noko motaksjon, men vil heller bruke kreftene for å kjempe for Florø.

– Eg har prøvd å snakke med Gjerland og Myrvang i Naustdal, men ikkje fått svar. Eg ønskjer ikkje å bruke energi på nedbrytande ting. Ein burde heller tenkje på det beste for Sogn og Fjordane.

«Stakkars Helse Førde»

Steindal har lita forståing for støtta som ordførarane i brevstorm gir til Helse Førde si leiing og styre.

– Det er grådig kor synd det er i leiinga i Helse Førde. Eg veit ikkje kva kritikk det blir vist til, seier Steindal som meiner Helse Førde-styre må kunne tole kritikk for det ho meiner er dårleg behandling at tilsette i Florø i samband med framlegget om nedlegging av sengeposten i byen.

– Dei er så opptekne av at dette nærsjukehuset skal redde dei økonomisk, men der tek dei grundig feil. Denne motarbeidinga synest eg er dum, seier Flora-ordføraren.