Legar ber Helse Vest gripe inn

VIL BEHALDE MOWATT: Styreleiar Clara Øberg (t.h.) i Helse Førde avviser blankt at styremedlem Harry Mowatt (t.v.) bør fjernast frå styret.

VIL BEHALDE MOWATT: Styreleiar Clara Øberg (t.h.) i Helse Førde avviser blankt at styremedlem Harry Mowatt (t.v.) bør fjernast frå styret. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Nordfjordlegane krev tiltak mot styremedlem Harry Mowatt.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

31 kommunelegar i Nordfjord har sendt ein uttale til administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest om det dei meiner er uheldige verknader av ortopedivedtaket i Helse Førde. Blant dei som står på kopilista for brevet er helse- og omsorgsministeren, Helse Førde-leiinga, Legeforeningen og media.

Legane meiner at prinsippet om at pasienten skal få fagleg god behandling der det er enklast å få den, vart sett til side ved ortopedivedtaket. Dei skriv at Nordfjord sjukehus har fullgod kompetanse og kapasitet til å ta seg av akutte ortopediske inngrep, også i narkose. Kommunelegane slår seg ikkje til ro ved at Helse Førde kom med det som vert oppfatta som ei oppmjuking av vedtaket: «Dersom særskilte medisinske eller organisatoriske grunner tilseier det, kan inngrepet skje ved lokalsjukehuset».

Slepp ikkje unna
Legane skriv: – Det kan ikkje være tvil om at legane i Nordfjord ved fleire høve har fått klare føringar frå leiinga i Helse Førde, om at ortopedivedtaket fram til no har vore utan rom for skjønn i situasjonar med trong for behandling i narkose. Leiinga kan ikkje med dette «vaske sine hender» fri for ansvaret for dei uheldige konsekvensane av vedtaket så langt.

Vidare viser dei til helselovgjevinga om at kommunelegar i legevakt har ansvar og mynde til å avgjere kvar pasienten skal fraktast for naudsynt vidare behandling, og skriv at kommunelegen dermed kan velje å sende vedkomande Volda sjukehus som ligg langt nærare enn Førde sentralsjukehus.

– Om ein større del av pasientane med akutte ortopediske tilstandar vert sende til Volda Sjukehus, vil dette kunne føre til forringa spesialistutdanning for legar innan ortopedien i heile Helse Førde.

Og vidare:

– At ei relativt stor pasientgruppe med trong for akutt hjelp og kanskje med tida pasientar med trong for planlagd helsehjelp, vert behandla utanfor Helse Førde, vil unekteleg ha klare negative økonomiske følgjer for helseforetaket.

– Grunnleggande svikt
Kommunelegane konkluderer med at «administrasjon og styre må i langt større grad ta inn over seg ein grunnleggande svikt i kommunikasjon med sine samarbeidspartar, og ein like grunnleggande svikt i konsekvensutgreiing for eit vedtak med store konsekvensar for pasientar i Sogn og Fjordane. Administrasjon og styre har eit stort stykke arbeid foran seg om dei skal kunne byggje opp igjen den tilliten som er naudsynt for å kunne leie Helse Førde mot eit framleis godt helsetilbod for alle i fylket.»

Og til slutt krev dei at uttalane til styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde må få konsekvensar:

– Mowatt har offentleg uttalt at vi som gruppe har handla utifrå eit ønskje å skade Førde sentralsjukehus ved å henvise pasientar med akutte behandlingsbehov til Volda sjukehus. I desse tilfella har omsynet til pasientens beste vore vårt fokus, ingenting anna. Mowatt har med ei slik uttale utsletta eit kvart grunnlag for vidare tillit til han som styremedlem og delstyrande i forhold til framtidas helsetilbod i heile Sogn og Fjordane.

Klikk her for å laste ned heile brevet (Word-format)

LES OGSÅ:
Styreleiar Clara Øberg: – Dei kan gløyme ortopedi-omkamp

Artikkeltags