Fleire av argumenta for samhandlingsreforma for helsesektoren, held ikkje mål, går det fram av ein rapport frå Høgskolen i Hedmark.

- Grovt misvisande
Ifølgje rapporten vil reforma slik den er foreslått av regjeringa, føre til auka utgifter til helsetenester på kort sikt, meir marknad i helsesektoren og nedlegging av lokalsjukehus.

Rapporten hevdar at påstanden om at norske helseutgifter er høgare enn i samanliknbare land, er grovt misvisande. Konklusjonen er at Norges utgiftsnivå til helsetenester er moderat samanlikna med land som har same inntektsnivå som Norge.

Rapporten, som professorane i forvaltningsøkonomi Bjarne Jensen og Stein Østre har hovudansvaret for, er komme i stand etter initiativ frå Kommunenes Interesseforening for lokalsykehus (KIL).

KIL er sterkt kritisk til samhandlingsreforma for helsevesenet som Stortinget behandlar. Eitt av argumenta for denne reformen er at tiltaka den foreslår vil spare helsevesenet for milliardbeløp.

- Byggjer på feilkilder
Ifølgje professor Jensen byggjer påstanden om at det norske helsevesenet er dyrt særleg på to feilkilder: Kva som vert definert som helsetenester er forskjellig frå land til land. Dette gjeld særleg langtidspleie som i Norge er helsetenester, mens det i mange andre land, f.eks. Sverige, er definert som sosiale utgifter. I tillegg blir det ikkje korrigert for skilnader i reallønnsnivå mellom landa som blir samanlikna.

I rapporten heiter det at Norge er blant dei OECD-landa som har hatt lågast vekst i helseutgiftene dei siste ti åra. OECD-gjennomsnittet er på 4,1 prosent per år, mens talet for Norge er 2,4 prosent. Berre to OECD-land har hatt lågare vekst enn Norge.

- Anten forstår dei det ikkje, eller så brukar dei misvisande informasjon for å tvinge fram noko dei trur på, seier Jensen til NTB om dei politikarane og forskarane som hevdar at det norske helsevesenet er det dyraste i verda nest etter USA.

I rapporten vert det det blant anna vist til Tankesmien Visjon Helse 2015, som Jensen meiner samhandlingsreforma henter mykje frå. Tankesmien Visjon Helse 2015 påstår at Norge «brukar meir pengar til helse per innbyggjar enn alle land utanom USA».

- For fort i svingene
Leiar i KIL, Turid Opedal, seier at organisasjonen ikkje er imot samhandling, men meiner det vert gått for fort i svingane.

- Forslaget til samhandlingsreform manglar bakgrunnskunnskap og forskning. Det er mykje synsing, konstaterer ho.

Rapporten KIL har bestilt om helsesektorens økonomiske og organisatoriske utfordringar, konkluderer med at hovudorganiseringa for helsetenestene står mellom det som vert kalla den norske hovudmodellen basert på offentleg ansvar i regi av kommunar og stat, og ein modell der det blir konkurranse mellom private og offentlege føretak i ein marknad.

Amerikansk og engelsk modell
Ifølgje rapporten kan samhandlingsreforma bli det andre steget etter innføringa av helseføretaka i retning av eit helsevesen etter amerikansk og engelsk modell, ein modell som etter Jensen si mening har mykje til felles med den måten straumforsyning, post og teletenester er organisert på.

Rapporten konkluderer også med at dei tiltaka som vert foreslått i samhandlingsreforma på kort sikt vil auke behovet for utgifter til helsetenester, mens det er vanskelegare å seie kva som vil skje i eit lengre tidsperspektiv.

Vidare heiter det at reforma forsterkar grunnlaget for å leggje ned lokalsjukehus og avvikle nemninga lokalsjukehus. (ANB-NTB)