Gå til sidens hovedinnhold

Kjell Opseth trekkjer seg

Artikkelen er over 13 år gammel

Kjell Opseth trekkjer seg frå styret i Helse Førde etter at helseføretaket er pålagt nye innstrammingar.

Frustrasjonen har toppa seg, etter at Helse Vest no vil påleggje Helse Førde endå ei ny innstramming.

Veteranen hadde nyleg svara ja på ein førespurnad frå Helse Vest om å ta ein ny periode i styret for det lokale helseføretaket. Men søndag sende han e-post til Helse Vests administrerande direktør, Herlof Nilssen, med beskjed om at han ber om å bli friteken frå styrevervet.

Overstyrte
Opseth seier han tok avgjerda si etter at Helse Vest-leiinga no vil nekte Helse Førde å skaffe seg større inntekter.

– Vi blir overstyrte på ein måte som er heilt i strid med intensjonane i helsereforma, og vi har ikkje handlingsrom tilbake. Då har eg ikkje lenger noko i dette styret å gjere, seier Opseth til firda.no.

Omstridd
Kjell Opseth (72) har vore med i styret for Helse Førde sidan starten hausten 2001. Mange har sett på han som Helse Førdes sterke mann, og han har vore omstridd. Lokalsjukehusforkjemparar i Indre Sogn og Nordfjord har fleire gonger skulda han for berre å kjempe for Sentralsjukehusets og Førdes interesser.

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde seier Opseth har vore ein viktig medlem av styret, og beklagar at han trekkjer seg.


Tidlegare statsråd
Kjell Opseth har hatt ei rad tillitsverv i Arbeidarpartiet, og var samferdsleminister frå 1990 til 1996, og kommunalminister frå 1996 til 1997.

Etter at Opseth slutta som politikar har han arbeidd som frittståande konsulent og rådgjevar for næringslivet, og har hatt fleire styreverv, m.a. i Synnøve Finden og som nestleiar i Helse Førde.