Inga trøyst å få hos Helse Vest

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Helse Førde går mot 100 mill. i underskot i 2007, men føretaket er ikkje underfinansiert, hevda Helge Bryne på dagens styremøte.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Eit samrøystes styre i Helse Førde vedtok fredag ettermiddag at dei skal gjere så godt dei kan for å halde kostnadene nede, for å redusere budsjettunderskotet resten av året.

– Må halde budsjettet

Det konkret målet er å halde månadsbudsjetta i dei tre månadene som er att.

Men då kriseøkonomien var tema på dagens styremøte på Hauglandsenteret i Flekke, fekk styret lite trøyst frå Helse Vest sin representant.

Helge Bryne ønskte ikkje på noko vis å gå inn på noko diskusjon om at Helse Førde er underfinansiert, trass økonomisk baksmell kvart einaste år. Helse Vest sin representant i styret gav ingen aksept for ein slik tanke.

Bryne påpeika derimot at det budsjettet ein har vedteke, har ein å halde seg til.

Opseth: Får for lite

Det fall i mismot hos mange av representantane i styret.

Fleire peika på at det er eit tydeleg misforhold mellom dei ressursane Helse Førde får tilført, og det faktisk kostar å drive eit sjukehustilbod på seks ulike stader i fylket for drygt 100.000 menneske.

Blant dei som uttrykte misnøye var nestleiar Kjell Opseth.

– Dagen struktur fungerer ikkje saman med inntektssystemet, sa han Opseth under debatten.

Tek opp ambulansekritikken

Styret skal utover ettermiddagen fredag diskutere utfordringane Helse Førde neste år står overfor, for å kunne berge økonomien.

Den massive kritikken mot ambulansetenesta står også på agendaen, men vil gå for lukka dører.

Artikkeltags