– I dag må folk stille opp for sentralsjukehuset

SJUKEHUS-DEMO: Marit Varpe Kaasen (innfelt) og Aksjonsgruppa for eit godt sjukehustilbod i Sogn og Fjordane samla troppane i Førde onsdag ettermiddag.

SJUKEHUS-DEMO: Marit Varpe Kaasen (innfelt) og Aksjonsgruppa for eit godt sjukehustilbod i Sogn og Fjordane samla troppane i Førde onsdag ettermiddag. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Sjukehusaksjonistar ber folk frå heile fylket om å møte opp i Førde i ettermiddag.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– No må folk vise engasjement slik at vi held oppe eit godt helsetilbod i fylket. Elles blir det rasert av dei store innsparingskrava, seier Marit Varpe Kaasen til firda.no.

Må spare pengar

Onsdag ettermiddag inviterer Aksjonsgruppa for eit godt sjukehustilbod i Sogn og Fjordane til massemønstring framfor sentralsjukehuset i Førde.

Helse Vest har pålagt Helse Førde å spare 100 millionar kroner neste år, og aller helst bør helseføretaket også spare 55 millionar innan nyttår, for å dekkje inn underskotet på drifta. Mykje av innsparinga må gjerast i Førde. Det vil rasere heile sjukehuset, fryktar Kaasen.

Derfor håpar ho så mange som kan stiller opp framfor hovudinngangen til sentralsjukehuset klokka 15.30 onsdag.

Held appellar

– Der vil det bli halde ei rekkje appellar, blant anna frå Ingrid Astor i aksjonsgruppa, tillitsvalde for overlegane og sjukepleiarane, og Nils Gjerland snakkar på vegner av ordførarane i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Kaasen som har bakgrunn frå skuleverket har sjølv kjent på kroppen kor viktig spesialhelsetenesta er.

– Eg har hatt eit barn med alvorleg sjukdom, der vi i lange periodar måtte til Bergen for å behandling. Mange tenkjer berre på lokalsjukehusa, og tek det som ein sjølvfølgje at sentralsjukehuset er der. Men sentralsjukehuset har spesialhelsetenestene for heile fylket. I tillegg er det lokalsjukehuset for to tredelar av fylkets befolkning, seier Kaasen.

No ber ho innstendig om at folk må vakne og kjempe for sjukehustilbodet.

– Blir tilbodet i Førde bygd ned, er har heller ikkje Bergen kapasitet til pasientflaumen. Og det paradoksale er, seier Kaasen, at det er Helse Førde som betalar uansett kvar behandlinga skjer. Den blir dyrare utanfor fylket.




firda.no er til stades på ettermiddagens demonstrasjon.

Artikkeltags